20. Kvar og ein skal verta verande i det kall han hadde då han vart kalla.
21. Var du træl då du vart kalla? Ta ikkje det så tungt! Men kan du verta fri, så vel heller det.
22. For den som var træl då Herren kalla han, han er Herrens frigjevne. På same måte har den som var fri mann då han vart kalla, vorte Kristi træl.
23. De er kjøpte, og prisen er betalt. Så vert ikkje trælar for menneske.
24. Ja, brør, kvar og ein skal verta verande i det stand han var i då han vart kalla, og han skal vera der for Gud.
25. Om dei ugifte har eg ikkje noko bod frå Herren. Men eg seier mi meining, sidan eg av Herren har fått miskunn til å vera tru.
26. På grunn av den trengselstida vi lever i, meiner eg at det er godt for eit menneske at det vert verande ugift.
27. Er du bunden til ei kone, så prøv ikkje å verta fri. Er du ikkje bunden, så prøv ikkje å finna deg ei kone.
28. Men om du gifter deg, syndar du ikkje; og om ei ung jente gifter seg, syndar ho ikkje. Men dei som det gjer, kjem til å møta mange vanskar, og eg ville gjerne spara dykk.
29. Men det seier eg dykk, brør: Tida er kort. Heretter skal dei som har kone, vera som om dei ikkje hadde,
30. dei gråtande som om dei ikkje gret, dei glade som om dei ikkje gledde seg, dei som kjøper noko, som om dei ikkje åtte det,
31. og dei som brukar det som er i verda, som om dei ikkje bruka det. For denne verda, slik ho er, går under.
32. Eg vil at de skal vera utan suter. Den ugifte har omsut for det som høyrer Herren til, korleis han kan vera Herren til hugnad.
33. Men den som er gift, har omsut for det som høyrer verda til, korleis han kan vera kona til hugnad;