7. Kven seier at du står over andre? Kva har du som du ikkje har fått? Og har du fått noko, kvifor skryter du då, som om du ikkje hadde fått det?
8. Men de er alt mette. De har alt vorte rike, ja, de har alt vorte kongar. Vi er det ikkje. Eg skulle ynskja at de alt var kongar, så vi kunne styra saman med dykk!
9. For eg tykkjer at Gud har gjeve oss apostlar den ringaste plassen. Vi har vorte som dødsdømde, vi har vorte eit skodespel for verda, både for englar og for menneske.
10. Vi er dårar for Kristi skuld. De er dei kloke kristne. Vi er veike, de er sterke. De får ære, vi får skam.
11. Til denne dag har vi mått tola både svolt og torste; vi vantar klede, vert slegne, dreg heimlause ikring frå stad til stad,
12. og vi strevar for å livberga oss med det vi gjer med våre hender. Vi velsignar når vi vert utskjelte; vi held ut når vi vert forfylgde,
13. og vi svarar venleg når nokon spottar oss. Vi har vorte som utskot i verda, som verdlaust skrap for alle – til denne dag.