1. Korintar 4:13-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. og vi svarar venleg når nokon spottar oss. Vi har vorte som utskot i verda, som verdlaust skrap for alle – til denne dag.

14. Eg skriv ikkje dette for å føra skam over dykk, men eg vil visa dykk til rettes sidan de er mine kjære born.

15. For om de som kristne har tusen lærarar, har de ikkje mange fedrar. Det var eg som vart far dykkar i Kristus Jesus då eg gav dykk evangeliet.

16. Så legg eg dykk på hjarta: Ta meg til førebilete!

17. Og difor var det eg sende Timoteus til dykk, den kjære og trufaste son min i trua på Herren; han skal minna dykk om mine vegar i Kristus Jesus, såleis som eg lærer alle stader i kvar kyrkjelyd.

18. Nokre av dykk har blåse seg opp fordi dei trur at eg ikkje kjem att.

19. Men eg kjem snart, om Herren vil. Då får eg læra å kjenna, ikkje orda, men krafta hjå desse oppblåsne folka.

20. For Guds rike er ikkje ord, men kraft.

21. Kva vil de? Skal eg koma til dykk med ris eller med kjærleik og ein mild hug?

1. Korintar 4