8. Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid.
9. For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
10. Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer.
11. Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus.
12. Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm,
13. så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er.
14. Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn.
15. Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld.
16. Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?
17. Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de.
18. Ingen må dåra seg sjølv! Om nokon av dykk tykkjest vera vis i denne verda, lat han då verta ein dåre, så han kan verta verkeleg vis.
19. For visdomen åt denne verda er dårskap i Guds augo. For det står skrive:Han fangar dei vise ¬i deira eiga list,
20. og ein annan stad:Herren kjenner tankane Œt dei viseog veit at dei ingenting er.
21. Difor må ingen rosa seg av menneske. For alt høyrer dykk til,
22. anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, liv eller død, det som no er eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til.
23. Men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.