12. Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm,
13. så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er.
14. Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn.
15. Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld.
16. Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?
17. Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de.
18. Ingen må dåra seg sjølv! Om nokon av dykk tykkjest vera vis i denne verda, lat han då verta ein dåre, så han kan verta verkeleg vis.
19. For visdomen åt denne verda er dårskap i Guds augo. For det står skrive:Han fangar dei vise ¬i deira eiga list,