1. Likevel, brør, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Eg måtte tala som til menneske slik dei er av naturen, som til umogne kristne.
2. Eg gav dykk mjølk og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno,
3. for framleis er det den syndige naturen som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då menneske med same natur som alle andre og lever som dei?
4. Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?
5. Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til.
6. Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.
7. Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster.