1. Korintar 15:48-57 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

48. Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera.

49. Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske.

50. Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom.

51. Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte,

52. i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte.

53. For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom.

54. Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen.

55. Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger?

56. Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova.

57. Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!

1. Korintar 15