1. Korintar 15:35-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

35. Men no kunne einkvan seia: «Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?»

36. Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr.

37. Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn.

38. Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad.

1. Korintar 15