30. Og kvifor set vi oss i fare kvar time på dagen?
31. Ja, eg døyr kvar dag, brør, så visst som det er dykk eg kan rosa meg av i Kristus Jesus, vår Herre.
32. Var det berre med von for dette livet eg stridde mot villdyr i Efesos, kva hadde det gagna meg? Dersom dei døde ikkje står opp att, så «lat oss eta og drikka, for i morgon døyr vi»!
33. Far ikkje vilt! «Låkt lag øyder gode seder.»
34. Vakna retteleg opp og synda ikkje! For somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det.
35. Men no kunne einkvan seia: «Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?»
36. Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr.
37. Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn.
38. Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad.
39. Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk.
40. Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske.
41. Ein glans har sola, ein annan har månen, og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre.
42. Såleis er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som vert sått, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg.
43. Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft.
44. Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam.