27. Men de er Kristi lekam, og kvar av dykk ein lem på han.
28. I kyrkja har Gud for det fyrste sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, så mektige gjerningar, nådegåver til å lækja, hjelpetenester, styringsoppgåver, tungetale av ulikt slag.
29. Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle mektige gjerningar?
30. Har alle nådegåve til å lækja? Talar alle i tunger? Kan alle tyda tungetalen?
31. Men streva etter dei største nådegåvene!Og eg skal visa dykk den beste vegen: