1. Korintar 12:18-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på lekamen, så som han ville det.

19. Dersom dei alle var éin lem, kvar vart det då av lekamen?

20. Men no er det mange lemer, men berre ein lekam.

21. Auga kan ikkje seia til handa: «Eg treng deg ikkje», eller hovudet til føtene: «Eg har ikkje bruk for dykk».

22. Tvert imot! Dei lemene på lekamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege.

23. Og dei lemene på lekamen som vi tykkjer er mindre ære verde, dei viser vi di større ære, og dei lemene som vi blygjest ved, kler vi med endå større sømd;

24. dei andre treng det ikkje. Men Gud har sett lekamen såleis saman at han gav det ringaste størst ære,

25. så det ikkje skal vera strid i lekamen, men at lemene skal ha same omsut for kvarandre.

26. For om ein lem lid, så lid alle dei andre med. Og om ein lem vert æra, gleder alle dei andre seg.

27. Men de er Kristi lekam, og kvar av dykk ein lem på han.

28. I kyrkja har Gud for det fyrste sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, så mektige gjerningar, nådegåver til å lækja, hjelpetenester, styringsoppgåver, tungetale av ulikt slag.

1. Korintar 12