1. Korintar 12:15-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Om foten ville seia: «Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til lekamen», så høyrer han like fullt med til lekamen.

16. Og om øyra ville seia: «Fordi eg ikkje er auga, høyrer eg ikkje med til lekamen», så høyrer det like fullt med til lekamen.

17. Dersom heile lekamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom alt var høyrsle, kvar vart det då av luktesansen?

18. Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på lekamen, så som han ville det.

19. Dersom dei alle var éin lem, kvar vart det då av lekamen?

20. Men no er det mange lemer, men berre ein lekam.

21. Auga kan ikkje seia til handa: «Eg treng deg ikkje», eller hovudet til føtene: «Eg har ikkje bruk for dykk».

22. Tvert imot! Dei lemene på lekamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege.

23. Og dei lemene på lekamen som vi tykkjer er mindre ære verde, dei viser vi di større ære, og dei lemene som vi blygjest ved, kler vi med endå større sømd;

1. Korintar 12