1. Korintar 11:12-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. For liksom kvinna vart til av mannen, så vert mannen fødd av kvinna; men alt er av Gud.

13. Døm sjølve! Sømer det seg for ei kvinne å be til Gud utan noko på hovudet?

14. Lærer ikkje sjølve naturen dykk at det er ei vanære for mannen å ha langt hår,

15. medan det er ei ære for kvinna? For det lange håret er gjeve henne til slør.

16. Men vil nokon skapa strid, så skal han vita at den sedvanen har ikkje vi, og heller ikkje Guds kyrkjelyd.

17. Når eg no gjev dykk mine påbod, er det ein ting eg ikkje kan rosa dykk for: De kjem saman på ein slik måte at det ikkje vert til gagn for dykk, men til skade.

18. For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk når de samlast i kyrkjelyden, og eg trur at det er noko i det.

19. For det må vera serflokkar hjå dykk, så det kan verta klårt kven det er som held mål.

20. Når de då kjem saman, er det ikkje Herrens måltid de held.

21. For når de held måltid, sit kvar og ein med sin eigen mat, og den eine er svolten, medan den andre fyller seg.

22. Kan de ikkje eta og drikka heime? Eller vanvørder de Guds kyrkjelyd og lèt dei skjemmast som ingenting har? Kva skal eg seia til dette? Skal eg rosa dykk? Nei, for dette rosar eg dykk ikkje.

23. For eg har fått frå Herren det som eg har overgjeve dykk:Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød,

24. takka og braut det og sa: «Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!»

25. Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg!»

26. For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem.

1. Korintar 11