1. Korintar 10:26-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. «For jorda og alt det som fyller henne, høyrer Herren til.»

27. Om ein vantruande bed dykk til seg, og de gjerne vil gå, så et med godt samvit alt som vert sett fram for dykk, utan å spørja etter.

28. Men seier nokon til dykk: «Dette er offerkjøt», så et det ikkje – for hans skuld som sa det, og for samvitet skuld.

29. Og då meiner eg hans samvit, ikkje ditt. For kvifor skal min fridom dømast av annan manns samvit?

1. Korintar 10