1. Korintar 10:17-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Fordi det er eitt brød, er vi alle éin lekam. For vi har alle del i det eine brødet.

18. Sjå på Israels-folket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret?

19. Kva meiner eg så? At avgudsoffer gagnar, eller at ein avgud er noko?

20. Nei, det heidningane ofrar, ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha samfunn med vonde ånder.

1. Korintar 10