1. Kongebok 8:47-66 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

47. Men så går dei i seg sjølve i det landet der dei er fangar, og vender om og bed deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda og bore oss ille åt; gudlause har vi vore.»

48. Vender dei då om til deg av heile sitt hjarta og heile sin hug i fiendelandet, hjå dei som førte dei bort, og bed til deg, med augo vende mot det landet du gav fedrane deira, mot den byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt,

49. då må du høyra dei inderlege bønene deira i himmelen, der du bur, og hjelpa dei til deira rett.

50. Tilgjev folket ditt alle syndene og misgjerningane dei har gjort mot deg. Lat dei møta miskunn hjå dei som held dei fanga, så dei gjer sælebot på dei.

51. Dei er då ditt folk og din eigedom, som du førte ut or Egypt, midt ut or jernomnen.

52. Lat augo dine vera opne for dei inderlege bønene som stig opp frå tenaren din og frå folket ditt, Israel, så du alltid høyrer på dei når dei ropar til deg.

53. For du har skilt dei ut frå alle folkeslag på jorda, så dei skal vera din eigedom, som du sa gjennom Moses, tenaren din, då du førte fedrane våre ut or Egypt, Herre, vår Gud!

54. Då Salomo hadde bore fram heile denne inderlege bøna for Herren, reiste han seg opp framfor Herrens altar, der han hadde lege på kne med hendene utbreidde mot himmelen.

55. Han steig fram og velsigna heile Israels-lyden med høg røyst og sa:

56. Lova vere Herren, som har gjeve Israel, folket sitt, ro, så som han lova. Ikkje eitt av alle dei gode orda som han tala gjennom Moses, tenaren sin, har falle til jorda.

57. Gjev Herren vår Gud må vera med oss som han var med fedrane våre! Gjev han aldri må sleppa oss og aldri støyta oss frå seg,

58. men bøya hjarta vårt til seg, så vi alltid går på hans vegar og held dei bod, føresegner og lover som han gav fedrane våre.

59. Gjev denne inderlege bøna som eg har bede til Herren, må koma fram for Herren vår Gud dag og natt, så han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten deira, etter som det trengst dag for dag.

60. Då skal alle folk på jorda skjøna at Herren er Gud, han og ingen annan.

61. Hald dykk heilhjarta til Herren vår Gud, så de ferdast etter hans føresegner og held hans bod, som de gjer i dag.

62. Så ofra kongen og heile Israel med han slaktoffer til Herren.

63. Og Salomo bar fram måltidsofferet for Herren. Det var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Såleis vigsla kongen og alle israelittane Herrens hus.

64. Same dagen vigsla kongen midtdelen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennofferet, grødeofferet og feittstykka av måltidsofferet. For bronsealtaret som stod for Herrens åsyn, var for lite til å røma både brennofferet, grødeofferet og måltidsofferet.

65. Samstundes heldt Salomo høgtida, og heile Israel med han. Det var ein stor festlyd som var komen saman heilt frå Lebo-Hamat til Egyptarbekken. I sju dagar og sju dagar til, i alt fjorten dagar, heldt dei høgtid for Herren vår Guds åsyn.

66. Den åttande dagen lét han folket fara. Dei bad farvel med kongen og drog heim, kvar til sitt, glade og fegne for alt det gode Herren hadde gjort mot David, tenaren sin, og mot Israel, folket sitt.

1. Kongebok 8