1. Kongebok 8:12-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då sa Salomo:Herren har sagtat han vil bu i skoddemørkret.

13. No har eg bygt deg ein bustad,ein stad der du kan bu ¬til evig tid.

14. Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden medan dei alle stod.

15. Han sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som i gjerning har oppfylt den lovnaden han gav David, far min, då han sa:

16. «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut or Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israels-ættene så det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Men eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.»

1. Kongebok 8