10. I tilbygget som han reiste kring heile huset, var kvar høgd fem alner. Det var fest til huset med sederbjelkar.
11. Då kom Herrens ord til Salomo, og det lydde så:
12. «No byggjer du dette huset. Dersom du då ferdast etter føresegnene mine, held lovene mine, aktar på alle boda mine og fylgjer dei, så vil eg gjera mot deg etter det ordet eg gav David, far din.
13. Eg vil bu midt imellom israelittane og ikkje skiljast frå Israel, folket mitt.»
14. Så bygde Salomo huset og gjorde det ferdig.
15. Han kledde veggene i huset innvendes med sederbord. Frå golvet til takbjelkane kledde han dei med tre, og golvet la han med sypressbord.
16. Tjue alner fram frå baksida på huset reiste han ein vegg av sederbord, som rakk frå golvet opp til takbjelkane. Bak veggen bygde han det inste romet. Det var Det høgheilage.
17. Tempelhalla framfor det inste romet var førti alner lang.
18. Innvendes var huset prydt med utskurd i sedertre, av graskar og utsprotne blomar. Alt var lagt med sedertre; steinen synte ikkje nokon stad.
19. Inst i templet bygde han Det høgheilage; der skulle Herrens paktkiste stå.
20. Dette romet, som var tjue alner langt, tjue alner breitt og tjue alner høgt, kledde han med fint gull. Framfor Det høgheilage sette Salomo eit altar; det kledde han med sedertre.