1. Kongebok 4:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Salomo sette tolv futar over heile Israel. Dei skulle syta for mat og drikke til kongen og hoffet hans. Kvar sin månad i året skulle dei syta for det.

8. Dette er namna deira: son til Hur, i Efraims-fjellet;

9. son til Deker, i Makas, Sja’albim, Bet-Sjemesj, Elon og Bet-Hanan;

10. son til Hesed, i Arubbot – han hadde Soko og heile Hefer-bygda;

11. son til Abinadab hadde heile Dor-høglandet – han var gift med Tafat, dotter til Salomo;

12. Ba’ana, son til Akilud, hadde Ta’anak, Megiddo og heile Bet-Sjean, som ligg ved Saretan, nedanfor Jisre’el, frå Bet-Sjean til Abel-Mehola og bortom Jokmeam;

13. son til Geber i Ramot i Gilead – han hadde teltbyane åt Ja’ir, son til Manasse, i Gilead, og Argob-bygda i Basan, seksti store byar med murar og bronsebommar;

14. Akinadab, son til Iddo, hadde Mahanajim;

15. Akima’as hadde Naftali – han òg var gift med ei av døtrene til Salomo, Basmat;

16. Ba’ana, son til Husjai, i Asjer og Alot;

17. Josjafat, son til Paruak, i Jissakar;

18. Sjimi, son til Ela, i Benjamin;

1. Kongebok 4