1. Kongebok 3:13-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Men det du ikkje bad om, vil eg òg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane.

14. Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.»

15. Så vakna Salomo og skjøna at det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram måltidsoffer og heldt gjestebod for alle mennene sine.

16. På den tid kom det to skjøkjer og steig fram for kongen.

17. Den eine sa: «Høyr på meg, herre! Eg og den kvinna der budde i same huset. Så fekk eg eit barn i huset hjå henne.

18. Tredje dagen etter at eg hadde født, fekk ho òg eit barn. Der var vi åleine, vi to. Det fanst ingen framand hjå oss i huset.

19. Ei natt døydde guten hennar, fordi ho kom til å liggja på han.

20. Då stod ho opp midt på natta, tok guten or armen min medan eg sov, og la han ved barmen sin, og sin eigen døde gut la ho ved min barm.

21. Som eg no stod opp om morgonen og skulle gje guten bryst, var han død. Men då det leid fram på morgonen, og eg såg vel på han, var det ikkje den guten eg hadde født.»

22. Då sa den andre kvinna: «Nei, den guten som lever, er min, og den som er død, er din.» Men den fyrste svara: «Nei, det er din gut som er død, og min som lever.» Såleis stod dei og tretta framfor kongen.

23. Då sa kongen: «Den eine seier: Det er min gut som lever, og din som er død. Og den andre seier: Nei, det er min gut som lever, og din som er død.

1. Kongebok 3