1. Kongebok 22:46-54 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

46. Det som elles er å seia om Josjafat og dei storverk han gjorde, og krigane han førte, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

47. Resten av dei som dreiv tempelutukt og som var att frå den tid Asa, far hans, levde, jaga han ut or landet.

48. Den gongen var det ingen konge i Edom. Ein statthaldar stod for styret der.

49. Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle gå til Ofir etter gull. Men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.

50. Den gongen sa Akasja, son åt Akab, til Josjafat: «Lat mine folk fara saman med dine på skipa!» Men det ville ikkje Josjafat.

51. Så gjekk Josjafat til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i fedregrava i byen åt David, far sin, og Joram, son hans, vart konge etter han.

52. Då Josjafat hadde vore konge i Juda i sytten år, vart Akasja, son til Akab, konge over Israel i Samaria. Han styrte i Israel i to år.

53. Akasja gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han fylgde den same vegen som far hans og mor hans hadde fylgt, og som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt, han som fekk Israel til å synda.

54. Han dyrka Ba’al og kasta seg ned for han og harma Herren, Israels Gud, heilt og fullt som far hans hadde gjort.

1. Kongebok 22