12. Og alle dei andre profetane spådde like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»
13. Sendebodet som hadde gått av stad og skulle henta Mika, sa til han: «Dei andre profetane spår alle som ein at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du òg!»
14. Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det Herren seier til meg, det må eg tala.»
15. Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far du, så skal du ha lukka med deg! Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»
16. Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»