1. Kongebok 21:17-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe, og det lydde så:

18. «Stå opp, gå ned og møt Akab, Israels-kongen, som bur i Samaria! No er han i vingarden åt Nabot; han er faren dit og vil ta han i eige.

19. Såleis skal du tala til han: Så seier Herren: Fyrst har du myrda, og så vil du ha tak i eigedomen! Deretter skal du seia: Så seier Herren: På den staden der hundane sleikte blodet åt Nabot, skal dei sleikja ditt blod òg.»

20. Akab sa til Elia: «Har du funne meg no, uvenen min?» Han svara: «Ja, eg har funne deg. Fordi du har selt deg til å gjera det som vondt er i Herrens augo,

21. vil eg føra ulukke over deg. Eg vil sopa etter deg og rydja ut alle mannfolk i Akabs-ætta, i Israel, både store og små.

22. Eg vil gjera med di ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson og med ætta åt Basja Akiason. For du har harma meg og fått Israel til å synda.

23. Og om Jesabel har Herren sagt: Hundane skal eta opp Jesabel på Jisre’el-vollen.

24. Den av Akabs-ætta som døyr i byen, skal hundane eta opp; og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»

25. Aldri har det vore ein slik konge som Akab. Han selde seg til å gjera det som vondt var i Herrens augo, fordi Jesabel, kona hans, lokka han til det.

26. Aller verst bar han seg åt då han gav seg til å fylgja avgudane, heilt og fullt som amorittane hadde gjort, dei som Herren dreiv bort for israelittane.

27. Då Akab høyrde dette, reiv han sund kleda sine, batt strieplagg om kroppen og fasta. Og han sov i strieplagga og gjekk stilt ikring.

28. Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe, og det lydde så:

1. Kongebok 21