1. Kongebok 20:19-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Så drog dei ut or byen, både mennene åt futane og hæren som fylgde dei.

20. Dei hogg ned kvar sin mann. Aramearane rømde, og israelittane forfylgde dei. Benhadad, aramearkongen, kom seg unna på ein hest saman med nokre ryttarar.

21. Sidan drog Israels-kongen sjølv ut og tok hestane og vognene deira. Såleis vann han ein stor siger over aramearane.

22. Då gjekk profeten fram for Israels-kongen og sa til han: «Bu deg til strid! Tenk vel etter kva du skal gjera. For til års kjem aramearkongen og tek på deg att.»

23. Mennene åt aramearkongen sa til kongen sin: «Guden deira er ein fjellgud. Difor vann dei over oss. Men slåst vi med dei på slettlende, vinn vi over dei.

24. Gjer no som vi seier: Set av alle desse kongane, og set inn statthaldarar i staden!

25. Bygg så opp ein hær som er like stor som den du miste, og få deg like mange hestar og vogner som du hadde før. Lat oss så strida med dei på slett mark! Då kan du vera viss på at vi slår dei.» Kongen høyrde på det rådet og gjorde som dei sa.

26. Året etter mønstra Benhadad aramearhæren. Han drog fram til Afek og ville strida mot Israel.

1. Kongebok 20