1. Kongebok 18:24-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Så kan de kalla på guden dykkar, og eg vil kalla på Herren. Den guden som då svarar med eld, han er Gud.» Heile folket svara: «Ja, lat det vera så!»

25. Då sa Elia til Ba’al-profetane: «Vel dykk ein av oksane og stell han til fyrst, sidan de er flest! Kall så på guden dykkar, men kveik ikkje eld!»

26. Så tok dei den oksen han hadde gjeve dei, stelte han til og ropa på Ba’al frå morgon til middag. «Svar oss, Ba’al!» sa dei. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara. Imedan hinka dei kring altaret dei hadde reist.

27. Då det var middag vorte, tok Elia til å spotta dei og sa: «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått for seg sjølv eller er ute og ferdast. Kan henda søv han og må vakna fyrst.»

28. Så ropa dei endå høgare og rispa seg med sverd og spyd, som dei hadde for vis, til blodet rann ned over dei.

29. Då det leid over middag, tok dei til å rasa. Såleis heldt dei på til den tid grødeofferet vert frambore. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara, og ingen som ansa dei.

1. Kongebok 18