16. Han skal gje Israel i fiendevald for dei syndene skuld som Jeroboam har gjort og fått Israel til å gjera.»
17. Då tok kona til Jeroboam ut og fór heim att til Tirsa. Med det same ho sette foten på dørstokken i huset, døydde guten.
18. Heile Israel fylgde han til grava og heldt syrgjehøgtid over han. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom profeten Akia, tenaren sin.
19. Det som elles er å seia om Jeroboam, om krigane han førte, og korleis han styrte, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
20. Jeroboam styrte i tjueto år. Så gjekk han til kvile hjå fedrane sine, og Nadab, son hans, vart konge etter han.
21. I Juda rådde Rehabeam, son til Salomo. Han var førtiein år gamal då han vart konge, og han styrte i sytten år i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut i alle Israels-ættene og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Na’ama og var frå Ammon.
22. Folket i Juda gjorde det som vondt var i Herrens augo. Med syndene sine eggja dei han til harme endå meir enn fedrane deira hadde gjort.