1. Kongebok 14:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. då Herren skal slå israelittane, så dei vert liksom sevet som svagar hit og dit i vatnet. Han skal rykkja dei opp or dette gode landet som han gav fedrane deira, og spreia dei bortanfor Eufrat, fordi dei har laga seg Asjera-pålar og harma Herren.

16. Han skal gje Israel i fiendevald for dei syndene skuld som Jeroboam har gjort og fått Israel til å gjera.»

17. Då tok kona til Jeroboam ut og fór heim att til Tirsa. Med det same ho sette foten på dørstokken i huset, døydde guten.

18. Heile Israel fylgde han til grava og heldt syrgjehøgtid over han. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom profeten Akia, tenaren sin.

19. Det som elles er å seia om Jeroboam, om krigane han førte, og korleis han styrte, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

20. Jeroboam styrte i tjueto år. Så gjekk han til kvile hjå fedrane sine, og Nadab, son hans, vart konge etter han.

21. I Juda rådde Rehabeam, son til Salomo. Han var førtiein år gamal då han vart konge, og han styrte i sytten år i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut i alle Israels-ættene og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Na’ama og var frå Ammon.

22. Folket i Juda gjorde det som vondt var i Herrens augo. Med syndene sine eggja dei han til harme endå meir enn fedrane deira hadde gjort.

23. Dei bygde seg offerhaugar og reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart grønt tre.

24. Det fanst jamvel folk i landet som dreiv tempelutukt. Dei tok etter all den styggedomen som gjekk føre seg hjå dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.

25. Så hende det i det femte styringsåret åt Rehabeam at Sjisjak, kongen i Egypt, gjorde ei hærferd mot Jerusalem.

1. Kongebok 14