1. Kongebok 1:48-51 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

48. og sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som i dag har sett ein av etterkomarane mine på kongsstolen, så eg har fått sjå det med eigne augo.»

49. Då vart dei reint forstøkte, alle gjestene åt Adonja. Dei tok ut og gjekk kvar til sin kant.

50. Adonja vart så redd for Salomo at han reiste seg, gjekk av stad og greip om altarhorna.

51. Salomo fekk melding om at Adonja hadde vorte så redd for kongen at han hadde gripe om altarhorna og sagt: «No må kong Salomo lova meg med eid at han ikkje vil la tenaren sin døy for sverd.»

1. Kongebok 1