1. Kongebok 1:43-49 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

43. «Nei,» svara Jonatan. «Kong David, herren vår, har gjort Salomo til konge.

44. Han sende presten Sadok, profeten Natan, Benaja Jojadason og livvakta med han, og dei lét Salomo ri på muldyret åt kongen.

45. Og presten Sadok og profeten Natan salva han til konge attmed Gihon-kjelda. Så fór dei opp att med glederop, og no er det oppstyr i byen. Det er ståket de høyrer.

46. Salomo har alt sett seg på kongsstolen,

47. og kongsmennene har kome og ynskt kong David, herren vår, til lukke. Dei seier: Gjev din Gud må gjera Salomo meir namngjeten enn deg og gjera hans kongsstol endå større enn din. Då bøygde kongen seg i bøn på lega si

48. og sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som i dag har sett ein av etterkomarane mine på kongsstolen, så eg har fått sjå det med eigne augo.»

49. Då vart dei reint forstøkte, alle gjestene åt Adonja. Dei tok ut og gjekk kvar til sin kant.

1. Kongebok 1