3. Så leita dei i heile Israels-landet etter ei ven jente; og då dei fann Abisjag frå Sjunem, kom dei til kongen med henne.
4. Det var ei ovven jente, og ho stelte om kongen og tente han. Men han låg ikkje med henne.
5. Adonja, son til Haggit, hadde store tankar om seg sjølv og sa: «Eg vil vera konge.» Og så fekk han seg vogner og hestar og femti mann som skulle springa framføre han.
6. Faren hadde aldri tala han til rettes og spurt kvifor han bar seg så eller så åt. Adonja var uvanleg ven. Han var fødd nest etter Absalom.
7. Adonja samrådde seg med Joab Serujason og med presten Abjatar, som fylgde han og hjelpte han.
8. Men det var andre som ikkje heldt med Adonja: presten Sadok, Benaja Jojadason, profeten Natan, Sjimi, Re’i og dei beste krigarane åt David.
9. Ein dag slakta Adonja småfe, storfe og gjøkalvar bortmed Sohelet-steinen, som ligg attmed Rogel-kjelda. Han bad til seg alle brørne sine, kongssønene, og alle judearar som var i teneste hjå kongen.
10. Men han bad ikkje profeten Natan, Benaja og krigarane og heller ikkje Salomo, bror sin.
11. Då sa Natan til Batseba, mor til Salomo: «Du har vel høyrt at Adonja, son til Haggit, har vorte konge, og David, herren vår, veit ikkje om det?
12. Lat meg no få gje deg eit råd, så du kan berga både ditt eige liv og livet åt Salomo, son din.
13. Gå inn til kong David og sei til han: Herre konge, har du ikkje med eid lova tenestkvinna di at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja på kongsstolen din? Korleis har det då gått til at Adonja har vorte konge?
14. Og så, medan du enno står der og talar med kongen, skal eg koma inn og stadfesta det du seier.»
15. Då gjekk Batseba inn i soveromet til kongen. Han var svært gamal no, og Abisjag frå Sjunem stelte for han.
16. Batseba la seg på kne og bøygde seg for kongen, og han spurde: «Kva er det du vil?»
17. Ho svara: «Herre, du har svore ved Herren din Gud og lova tenestkvinna di at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja på kongsstolen din.
18. Men no har Adonja vorte konge, og du, herre konge, veit ikkje om det.
19. Han har slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengd og bede til seg alle kongssønene, presten Abjatar og hærføraren Joab. Men Salomo, tenaren din, har han ikkje bede.
20. No vender heile Israel augo sine mot deg, herre konge, og ventar at du skal kunngjera for dei kven som skal sitja på kongsstolen etter deg, herre konge.
21. Elles kjem skulda til å kvila på meg og Salomo, son min, når du, herre konge, kviler hjå fedrane dine.»